Berge

Mor til Eivind Groven voks opp på Berge på Rauland i Vest-Telemark. Garden var ikkje nokon storgard, men av dei likaste i bygdi lyt han reknast som, og han må ha vore eit knutepunkt både i kultur og politikk. Det var dit Myllarguten tydde seg då han trong hjelp. Håvard Gibøen var nær skylding. I 1868 kom Ivar Aasen til gards. Rikard A. Berge var ordførar i tolv år og sonen Olav R. (spele-mannen) i seks år.

Garden Berge er gamal med loft frå mellomalderen og bur frå før 1700. Utsynet mot Totak og Raulandsfjell er storfelt, men veret kan stundom taka hardt.

Det skulle fylgje lukke med garden, sa dei; for oskoreidi kvilte på Berge, kom med skraml og raml og sla av på tunet.

Nils Herzberg har skildra eit opphald p garden.