Då Eivind Groven skulle koma til verda, var mor hans aleine på garden med berre fireåringen Sverre heime. Det var eit par kilometer til grannegarden der søstera hennar budde, ho måtte sende den einaste ho hadde etter hjelp.
"Når du kjem fram, må du seia: "Mor æ sjuke, ho ligge på ivistoga." Kan du greie det?" Guten gjentok orda, og la i veg. Med han sprang, song han: "Mor æ sjuke, ho ligge på ivistoga. Mor æ sjuke, ho ligge på ivistoga"...
Søstera kom fram i tide. Eivind Groven blei fødd i Eidsborg sokn i Lårdal, 8. oktober 1901
(fortalt av D.G. Myhren juli 1999).