Eivind Groven - spelemannen og hardingfela:
Notar og ætteopplysningar

1 Med nemnet spelemann plar me meina ein musikkutøvar som ikkje er opplærd ved nokon musikkskule, men har fenge lærdom i eit miljø der den musikken han tek opp, lever i fråsegn. Ein slik musikar syter ogso for dansemusikk i lag og lyd. Dermed er det ikkje sagt anna dei som utøver denne musikken, kan ha "teoriar" og terminologi, men slik innsikt må ein tolka utfrå miljø og vilkår der - og ikkje utfrå musikk-akademisk lærdom og bakgrunn.

Spel er i dette stykket ikkje berre nytta om musikk-framføring, men ogso om musikktilfang - dvs slåttar - og spelestil. Spel etter Myllar-guten det er slåttar og spelestil, tradert etter Myllarguten. Fele er nytta synonymt med 'hardingfele'.

2Slåttetilfanget, eg har nytta til grunnlag for stykket, som her fylgjer, er prenta eller vist til i samleverket Hardingfeleslåttar I-VII. Originaloppskrifter / manuskript er so å seia ikkje nytta.

3 Som døme på kor vanskeleg det kan vera å føre tulling eller plystring over på fela kan vi sjå på nokre døme i hardingfeleverket der tulling er kjelde.

II 79 Torsonen gangar / halling er etter Rikard Berge. Som slåtten er skriven, vantar det kvintevek.

V 354 Knivane springar som mor Aslaug tulla med stev til. Slåtten går berre på kvint og kvart.

Etter Aslaug Groven (tulling) er det tri oppsskrifter til (I 108b, III 146a og 155f) som heller ikkje er "ferdige" slåtteformer for fele. Det er gode beingrinder eller emne til slåttar, som ventar på at ein kunnig og skapande spelemann gje deim rom på fela.

II 82 Bordstapelen gangar er etter Aslaug Groven og eit tilleg frå Åsmund Gøytil etter fele. Her er det knapt nokon sjølvstendig slått, men tvo vek som burde ha stade som note til II 108 med same namn.

Dømi ovanfor syner at plystring eller tulling har fenge med seg berre snaude beingrindi i hardingfeleslåtten. Ein god tullar, som ogso hadde sett seg inn i og skjønt stilen på hardingfela, kunne få med seg meir enn dette. I 8-9 års alder lærde Eivind Groven ein springar Margit Juvland (1874-1960) tulla, og ho hadde lært slåtten av Torkjell Haugerud som spela han på hardingfele. Springaren er prenta som Eivind tok han opp på fela, oppskriven etter minnet i 1960 (H V 363b). Etter notane ser det ut til at røysti hennar Margit Juvland femnde om to oktavar og ein stor ters - frå A til ciss''. Ho sopte nok med seg tak og krullar or alle krokar, so her er ikkje spranget so langt frå tulleslått til feleslått endå om felespelaren Eivind Groven har fylt ut med tvigrep, likringar og sett inn bogestrok som høver.

4 I slike tilfelle hadde det vore kjeldekritisk rettare om oppskrivaren gjorde seg sjølv til kjelde. Då kunne merknaden opplysa at Groven "mintest slåtten etter Olav R. Berge", eller at han hadde "støypt saman former etter Olav Berge og Øystein Hovdestad". I opplysningar av dette slaget er det spelemannen Eivind Groven som fortel kven han har lært slåttane av, - ikkje kven han skreiv opp etter.

5 Han fekk nok ikkje med seg alt spel frå desse bygdane i åri 1917-24. Til desse oppskriftene kan me leggja tri oppskrifter etter Lars Hovden 1932 og sytjan etter Eilev Smedal 1936. I 1950-åri budde Rikard Gøytil ei stund på Ekeberg hjå Eivind Groven. Det vart mykje speling, og Eivind gjorde nye oppskrifter, ei gamal form på Tinnemann og ei kort form på Jondølen. Han skreiv opp tri slåttar etter Tjøstolv Lofthus (1891-1970) frå Lårdal, tri etter Olav Straume (f 1896) frå Fyresdal og nokre etter NRK-opptak med Kjetil Flatin (1879-1960), Torkjell Haugerud, Torleiv Lykkja (f 1899) og Eivind Mo.

6Men heile stevet lyar:

Halling Jorånn, du halling Jorånn
leika med gutane fjorång på fjorång,
upp og ut etti Kastedalen,
kom 'o ti nuten fann guten på sta'en.

"Ingen dansa kåtare enn Jorånn gjorde, ho spræka seg i hallingen som ein kar," og vart kalla Halling-Jorånn. Ho vart gift med Odd Olavsson som "rakla og spela" fele (Berge 1973 III,613).

2 1 Aslak Berge (f 1706) på Rauland hadde:

a) dotteri Signe som var mormor av Håvard Gibøen,
b) sonen Ånund som vart bonde på Berge,
c) dotteri Ingebjørg - mormor av Åsmund Groven (Gøytil), og Åsmund fekk sønene Eivind og Olav (sjå 5).

2 Ånund Berge hadde:

a) sonen Aslak som vart bonde på Berge,
b) sonen Olav - bonde på grannegarden Jore.

3A Aslak Ånundsson fekk sonen Rikard.

3B Olav Ånundsson fekk dotteri Sigrid.

4 Rikard Aslaksson vart bonde på Berge og gifte seg med syskenbarnet, Sigrid Olavsdotter Jore; dei fekk borni:
a) Olav R. Berge (spelemann),
b) Sigrid som vart mor av Rikard Berge (konservator),
c) Ingebjørg - mor av Åsmund (lærar), Rikard Gøytil (spelemann) og Margit Juvland,
d) Aslaug - mor av Olav Groven (spelemann) og Eivind Groven.

5 Systrane c) Ingebjørg og d) Aslaug (Rikardsdøtrer) Berge gifte seg med kvar sin bror, Ingebjørg med Eivind og Aslaug med Olav som var søner av Åsmund Groven (Gøytil) (sjå 1 c).

Difor var syskeni Margit Juvland og Åsmund og Rikard Gøytil dobbelsyskenborn med Olav og Eivind Groven.

Håvard Gibøen var trimenning med Rikard A. Berge og kona Sigrid og dertil med Åsmund Groven (Gøytil).

Eivind Groven og konservator Rikard Berge var syskenborn.

Sjå ellers stamtavla.

3 Brørne Gunleik og Eilev Smedal frå Åmotsdal vandra ut til USA. Farmor deira, Signe (sjå 2 1 a), var syster av Håvard Gibøen. Smedalsbrørne hadde mykje spel frå Kjetil Håvardsson (1842-1919), son av Håvard Gibøen.

(Bakken 530-31 og 561; Berge 1973 II 492-501 og III 533- 545).

4 Emnet kravde meir; i 1933 vart det til orkesterverket Mot Ballade.

5 Oppskriftsamlingi etter Eivind Groven inneheld 1973 nummer med slåttar og folketonar. Der er nokre hol i lista, og nokre oppskrifter er utan nr so det kan vel vera mellom 1970 og 1980 i tal. Fram til 1950 ligg ikkje oppskriftene heilt i kronologisk rekkefylgje, so alle kan ikkje tidfestast med full visse.

Samlingi har vel 1230 oppskrifter etter hardingfele.

1 1917-50 316 oppskrifter etter fela - og nokre etter minne; dei eldste oppskriftene prenta i H er daterte 1917-24. Ingi oppskrift synest vera tidfest mellom 1924 og 1933. Frå åri 1933-50 finn me òg spreidde oppskrifter etter m a Eilev Smedal, Lars Hovden og Olav Sataslåtten.

2 1939? 36 oppskrifter etter NRK-opptak han sjølv hadde stade for.

3 1950-72 kring 880 oppskrifter so å seia berre etter NRK-opptak, og oftast fekk han kopiar frå NRK. Stundom, serleg i 50-åri, tok han òg opp frå sendingar i radio. Inni mellom er det oppskrifter frå fela etter spelemenn han møtte - og etter minne.

Det ser ikkje ut til at Groven fram til 1965 skreiv opp noko serleg etter plator (grammofon og pathé) som kom i sal frå 1910 og frametter - med spel av Ola Mosafinn, Knut Dale, Eilev Smedal o a.

Kring 1920 skreiv han noko etter voksrullar hjå Rikard Berge, men var ikkje nøgd med dei oppkriftene. Han vitja Berge i 1960 og 61 og ville høyra på opptaki eller i beste fall få spelt dei over på ljodband, men måtte fara tomhendt heim. Den pensjonerte fylkeskonservatoren hadde sterk mistru til dr Gurvin og sette seg hardnakka imot at den, som samarbeidde med ein slik ein, skulle få høyra desse opptaki.

6 Reidar Sevåg nytta ein noko misvisande term då han i H VII talde "slåtter" - i ei innleiing som elles er velskriven. Sevåg fær det til at verket inneheld 1988 "slåtter", og at Groven og dei andre (Bjørndal, Ørpen og Nyhus) "transkriberte" so og so mange "slåtter". I folkloristisk fagmål vil ein nytta termen oppskrift om slike einingar. Til å syna koss dette har seg, kan eg berre nemna at Arne Bjørndal og Eivind Groven skreiv opp Ligangaren etter T. Haugerud, og ein prenta båe oppskriftene, for dei skil seg frå kvarandre. Men det er to oppskrifter av ein slått, ikkje tvo åtskilde slåttar.

7 Dei fleste spelemenn som fekk slåttar på prent i desse bøkene, gledde seg over det. Men det hende at utøvaren ikkje var nøgd med den innspeling det var oppskrivi etter, at det burde vore valt andre kjeldor, eller at former og slåttar ikkje var komne med. Sume spelemenn var vel inst inne harme for det òg at det ikkje var skrive opp etter dei.

Arbeidet med dei fyrste binda H I-III var vel noko planlaust opplagt frå fyrst av. Bjørndal, Groven og Ørpen bytte landet mellom seg. Ørpen skulle ta seg av Buskerud fylke og Valdres. Han var for gamal til å fara kring til spelemennene, so han tok opp frå radio eller spelemenn som slumpa til å koma innom. I H er det kome med 8 Ørpen-oppskrifter etter spelemenn frå Valdres - og 35 etter spelemenn frå Hallingdal. Ørpen dreiv lenge med slåtteoppskriving utan vederlag, og han skreiv helst slåttar han likte. Han note-skreiv heller "store" slåttar frå Telemark enn låttar frå Hallingdal og Valdres. På stader der han ikkje var heimekjend i spelet, var han ofte likehendt med kva slags kjeldor han søkte opp.

Av 27-28 lauslåttar frå Hallingdal kom berre 10 stykke (oppskrivne av Bjørndal og Ørpen) med i H; dei andre 17/18 var ikkje oppskrivne, og redaktørane hadde knapt høyrt dei. Like vanstelt var spel frå Numedal og Valdres. Av den grunn er bandi I-III nærmast verdlause for spelemenn frå desse bygdelagi. Ei so stor lakune i tilfanget er det vanskeleg å forsvara. Årsakene til uføret skal me ikkje leita etter her. Men "Føreord" skrive med professoral hjelpeløyse og vankunne tok heller ikkje atterhald om mogelege hol i tilfanget og andre mistak. Professoren kjende so lite til hardingfeleslåttar og livet kring dei at han korkje høyrde eller øygna struktur (eller skort på struktur) i denne musikken. Han var ikkje opptamd til å tenkja i folkloristiske tankevegjer heller. Spelemenn gådde snart kor vankunnig han var, og dei fekk varug mistru til musikkgranskarar med akademisk utdaning.

Med so berrsynte lyte var saklege merknader frå miljøet rettkomne nok. Ein må ogso forstå den såre harmen slikt vanstell kunne vekkja mellom spelemnn frå dei bygdene det galdt. Då laut den musikalske redaktøren som levde att, vera hoggestabbe og ta støyten for både vist og gale. Men spelemennene skjønte heller ikkje heilt koss utgjevarane gjekk fram, vikåri dei arbeidde under, eller kva slags utveljingmåte dei la til grunn - so noko av kritikken frå spelemenn kunne vera vrangskap eller botna nok i mistydingar og skinusemje som ikkje kom for dagen.

8 Oppsetjingi i slåttekrinsar kan me samanlikna med eventyr og balladar som har typenr. Balladar or norsk tradisjon som Villemann og Magnhild og Gudmund og Signeliti har same typenr som tilsvarande visor i andre nordiske land. Slåttane Bròta-Per, Guro Heddeli og Tjønnbergen kan me seia har typenr I,118 (jfr Jonsson).

9 I dei tri fyrste bandi vart det ikkje fylt eit einaste hol i tilfang frå Valdres og Buskerud. Det var etter 1960 då Groven gjekk i gang med springarbandi og med "etterraksten" og fekk driva på åleine med det at han gjorde so mykje og verdfull utfyllingsoppskriving.