Storebrørne til Eivind Groven

Brørne til Eivind Groven heitte Åsmund, Rikard, Olav og Sverre. Alle var glade i song og spel. Eivind hadde nokre musikalske anekdotar om storebrørne sine.

 

Åsmund Groven
(1891 - 1973)

"Tidlegare same året hadde Åsmund kome att frå folkehøgskulen i Seljord. Han var fælt sveitt då han kom heim, hadde lagt seg ned ved ein bekk og drukke kaldt vatn. Han blei forkjølt, fekk vatn i lungune og låg i fleire vikur.

Med han låg der, plystra han alle slåttane han hadde lært - og Olav lærde slåttar etter kvort som Åsmund kom på deim. Det var sikkert 50-60 stykke, av deim som var mest bruka den gongen. Eg lærde slåttane samstundes."

 

Rikard Groven
(1894 - 1949)

Rikard var den einaste i søskenflokken som ikkje spela fele. Men han var god til å tulle slåttar, og han spela både munnharpe og seljefløyte. "Det var ikkje lenge før Rikard, eller kven det var, hadde fenge te ei fløyte. Og sidan var det kvor einaste vår at me laga fløytur og spila. Me hadde melodiar som me lærde av kvarandre, og me fann på nye melodiar."

 

Olav Groven
(1895 - 1929)

"Om hausten var Olav heime. Men han fekk ikkje fred. Eg ville lære han notar. Det var ikkje lett. (...) "Må byrja med begynnelsen," sa han. "Eg skynar ikkje dessa fissane og pissane dine!" "Men kva er begynnelsen då," sa eg. Storspilemannen Olav var konservativ i den vegen. Han hadde greidd seg bra utan notar før. Men ein ting fekk eg han med på: spila tvostemt etter songbøkene. Han spila fyrstestemma på melodiar han kunne. Eg sette andrestemma til, med eg såg på notane. Det totte eg let fint."

Det er meir stoff om Olav på sida om kunstnargenerasjonen.

 

Sverre Groven
(1897 - 1970)

"Eg kjem i hug at Sverre hadde ikkje lært å spila han heller. "Eivind ," sa han ein morgon, "veit du hott eg drøymde i nott? Eg drøymde at eg kunne spila fele, og eg spila so veldig at." Sverre og eg hadde leika med trefelur før. Me spikka nokre med insnitt på sidune, og boge laga me òg. So tulla me. Den eine var publikum. Den andre heldt konsert. Kjem i hug ein konsert Sverre laga i stallen. Han stod uppi kupa, og eg sat nede og var publikum. Og ein gong stod han på trevet, og eg var langt nede i kornrommet og var publikum. Og so skulle eg halde konsert og han vera publikum. Me drøymde nok alt då om å bli spilemennar. Men i 1912 ljosna det. Me lærde samsttundes Sverre og eg."

 

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen