Dersom ein legg framfor seg eit kart over Vest-Telemark og lagar ein sirkel med ein radius på knappe 15 kilometer, vil ein fange inn fire gardar som har ytt varige tilskot til norsk og internasjonalt kulturliv: Berge og Vaa på Rauland, Vesaas i Vinje, og Groven i Gøytilsgrenda.
Som stamtavla syner, var kunstnarane nærskylde. Eivind Groven kom frå ei særs gåverik ætt.
Her følgjer ein liten presentasjon av kvar av personane i denne generasjonen av gåverike Bergsættlingar.
Rikard Berge, syskenbarn av Eivind Groven, vert i dag rekna som ein av Nordens fremste folkloristar. I tillegg var han ein god kvedar med eit stort repertoar av balladar, viser, stev og slåttar.
Han byrja å samle folkeminne som 12-åring. Han skreiv namngjetne pionerverk som Norsk bondesylv og Norsk sogekunst, gav ut folkeviser og eventyr, analyserte norsk eventyrstil og skreiv framifrå bygdebøker for Vinje og Rauland, for berre å nemne noko.
Av gamle brev kan ein sjå at han gav Eivind Groven hjelp og støtte i mangt og mykje. I samband med utgjevinga av Naturskalaen, skreiv han:
"Eg vonar du ikkje er vond paa meg for eg hev pirka med so mange smaating, men de er gjort i beste meining. (...) Eg tykkjer de er ei fælt morosam avhandling, og endaa eg skynar so lite av ho, so skynar eg positiviteten og sakkunna som arbeider."
Aslaug Vaa, tremening til Eivind Groven, blei ein høgt vurdert lyrikar og dramatikar. Ho er fast innslag i pensum ved universitet og høgskular.
Meisterspelemannen Olav Groven var bror av Eivind. Han synte tidleg musikalsk givnad. I 9 års alderen fekk han si fyrste fele. Slåttar lærde han av skyldfolk og andre spelemannar i grannelaget. Særleg lyt dobbeltsyskenbarnet Rikard Gøytil nemnast.
Elles sette han Eiliv Smedal (1889 - 1938) frå Seljord svært høgt. I eit brev til veslebroren, Eivind, skriv Olav at Eiliv var den beste spelemannen han hadde høyrt.
I 1927, på årsstemna for Telemark ungdomslag i Fyresdal, fekk Olav Groven æresmedalje i sylv for godt spel. Knapt to år seinare døydde han av tæring, 34 år gamal.
Olav Groven var gift med Margit J. Hylland frå Vinje, som døydde alt i 1925. Olav og Margit let etter seg tre gutar: Johans, Einar og Magne.
Sjå og sida om Grovenbrørne
Forfattaren Tarjei Vesaas er ætta Eivind Groven både på farsida og morsida si. Han er mellom dei få norske forfattarane som har vunne internasjonal ry for bøkene sine.
Attende til hovudsida.
Dyre Vaa
(1903-1980)
Tremeningen Dyre Vaa blei ein vidgjeten bilethoggar og kunstteoretikar. Han har mellom anna laga svanegruppa i borggarden ved Oslo Rådhus, Vinje-støtta ved Sogn Studentby, og skulpturane på Ankerbrua i Oslo.