Innhold

 

Aslaug Rikardsdotter Berge
(1865 - 1946)

- mor til Eivind Groven

Aslaug Rikardsdotter frå Berge på Rauland, var yngst i ein søskenflokk på 5. Ho hadde eit breitt repertoar av vokaltradisjon etter faren, Gamle-Rikard Berge. Det kjem fram i noko Eivind Groven fortalde om mor si:

"Då bestefar låg på sitt siste, var mor og far uppe hjå han. Da hadde dei med seg meg. Eg var berre eit halvt år. Og mor fortalde at ho sat med meg på fanget framfor sengi - og då sa bestefar: "Det er skade at det skal døy so mange tonar med meg."

"Men Rikard hev då skrive upp mange tonar," sa mor. (...) Men so svara bestefar det: "Eg trur ikkje han greier det!" "Jamen me hev då lært mange av tonane dine, me," sa mor. So tok ho te syngje gamle melodiar som ho hadde lært. Den eine etter den andre."

 

Aslaug Groven oppdrog 5 gutar. I tillegg laut ho overta sønene til eine sonen sin, Olav, då både han og kona døydde så altfor tidleg. Ho var eit drivandes kvinnfolk.