Eivind Groven - radiopioneren

Eivind i radioen

Dei fyrste sendingene

Noreg fekk eit privat kringkastingsselskap i 1925. Staten tok over i 1933, og institusjonen fekk snart namnet Norsk Rikskringkasting.

Frå 1927 av byrja det å koma einskilde innslag med hardingfele i radio. Skodespelaren Alfred Maurstad frå Nordfjord og den unge komponisten og folkemusikkforskaren Eivind Groven frå Telemark var mellom dei fyrste spelemennene som vart sende i radio. Groven hadde på det tidspunktet vekt oppsikt som folkemusikkteoretikar med avhandlinga "Naturskalaen". Han var å høyre i radio rett som det var i åra som fylgde.

Faste folkemusikksendingar kvar veke kom i stand frå og med 7. mars 1931. Eivind Groven var kalla til å ta seg av programma. Han fekk ei konsulentstilling og skulle finne fram til utøvarar, setja opp program og spela sjølv. Programmet fekk ein halv time i veka, og heilt frå byrjinga av vart det for ein stor del disponert slik at det eine kvarteret var instrumentalmusikk, det andre vokalmusikk. Ein gong i månaden skulle Groven sjølv vera den sentrale utøvaren.

Den fyrste spelemannen han sende var Olav Sataslåtten frå Hallingdal. Den fyrste vaskeekte bygdesongaren var Aslak Brekke frå Ytre Vinje. Han slapp til i radio fyrste gongen 11. april 1931.

Musikkutval

Heilt frå fyrste året blei det lagt vinn på at so mange bygder som mogeleg skulle vera representerte. Programma inneheldt alle typar tradisjonsmusikk på hardingfele og vanleg fele, langeleik, ymse slag fløyter (seljefløyte, sjøfløyte, tussefløyte), munnhorpe, einradars trekkspel og song. Også 'klassiske' instrument var nytta, som piano og orgel. Men Groven stemde dei på spesielle måtar. Stoffet var for ein stor del henta frå levande tradisjon, men samlingane etter Lindemann og Elling vart og nytta som kjelder.

Sendingane vekte stor åtgaum. Bygdefolk var glade for å høyre sin eigen musikk i radio, og mange ynskte at tradisjonsmusikken måtte få meir sendetid. I hardingfelestroka var det misnøye med at det var alt for lite hardingfele. Sume ville helst ha ein heil time, gjerne to dagar i veka, mens mange frå urbane strok korkje skjøna seg på denne musikken eller på instrumentet. Dei lika heller ikkje bygdesongarane som ikkje var klassisk skolerte, men hadde ein utprega folkeleg songstil med t.d. innslag av irregulære intervall, det vil seie intervall som vik av frå dur-moll-systemet. Groven veksla mellom å la bygdesongarar og skolerte songarar framføre folketonar. Men bygdefolk lika ikkje kvinnestemmer med mykje 'skjelving'. Då var det lettare å godta skolerte mannsstemmer.

Etter kvart vart det meir vanleg med sendingar frå andre stader enn hovudstaden, som m.a. Notodden, Stavanger, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Alt ved jonsokbel 1931 spela Eivind Groven hardingfele og seljefløyte i ei sending frå Lillehammer som vart kringkasta til Europa. Reaksjonane på folkemusikksendingar til utlandet var jamt over positive.

Arbeidsformer og opptak

Det fall mykje arbeid på konsulenten. Han måtte sende ut og svare på hundrevis av brev og vurdere prestasjonane til folk frå ulike kantar av landet som ville syngje eller spela i radio. Ikkje alle melde seg sjølve, men kom til framfor mikrofonen av di andre ba for dei. Han måtte ta omsyn til "folkekrav" og anbefalingar, og han reiste rundt og oppsøkte folk.

Til å byrja med vart alle programma sende direkte, og det kunne vera mange grunnar til at ikkje alt som vart sendt ut var like vellukka. T.d. kunne jamvel ein god spelemann bli nervøs av å skulle spela framfor ein mikrofon. Situasjonen var uvant, og dersom han hadde fått i seg nokre dropar av det sterke på førehand, kunne det bli pussige episodar. Slikt var sjølvsagt ikkje til bate for folkemusikken. Same spelemann kunne og vera sers heldig ein gong; ein annan gong kunne det gå meir på slump. Den protokollen Groven førde for kvart program seier noko um slikt og.

Eivind Groven arbeidde målretta for å få fram det beste og mest ekte av det som fanst i levande tradisjon frå ulike kantar av landet. Mange dyktige spelemenn og songarar kom med. Han fekk og gjennom radioen kontakt med personar som hadde eit vidare syn på folkemusikken, kunnige folk som det var god grunn til å lyde til når dei kom med idear og råd. Ein kar som Truls Ørpen, lærar, skogeigar, god spelemann og slåttesamlar frå Krødsherad, melde seg tidleg. Det same gjorde spelemannen, folkemusikksamlaren og spelemannsbiografen Arne Bjørndal frå Vestlandet. Desse to skulle Groven seinare koma til å samarbeide med om det store hardingfeleverket som tok til å koma ut i 1950-åra.(Link til MM).

Groven såg at det var ei stor pedagogisk oppgåve knytt til folkemusikkutsendingane i radio, og han laga mange foredrag med musikkillustrasjonar grunna på eiga gransking, t.d. om slåtteformer, rytmer, tonalitet og instrumenttypar. Han fekk også med seg andre til å halde foredrag, så som Ole Mørk Sandvik og Knut Liestøl.

Han laga dertil program som synte samanheng mellom segner, viser og slåttar, og presenterte folkeviseballadar med det føremål å få fram mest mogeleg heilskapelege tekstar og ulike melodiar til same visetype.

Det kom sendingane til gode at han hadde uvanleg fantasi, også når det galdt føre folkemusikken fram i nye former for samspel, og med å lage originale arrangement.

Hardingfeletrioen og arrangering av musikken

I 1932 skipa han hardingfeletrioen saman med Sigbjørn Bernhoft Osa og Alfred Maurstad. Groven arrangerte musikken fleirstemt for tre hardingfeler. Det var nytt. Det vanlege var samspel i kvint- eller oktav-avstand, eller unisont spel. Trioen hadde jamt øvingar, og spela alt frå slåttar og songmelodiar til Grovens eigne komposisjonar. Hardingfeletrioen blei etter kvart svært populær. Dei nytta mykje av det tradisjonsstoffet Maurstad sat inne med, av di han ikkje kunne notar. Han fekk då spela fyrstestemme. Sist i 30-åra overtok Henrik Gjellesvik for Maurstad som fekk store oppgåver som filmskodespelar.

Groven fann på å nytte samspel mellom ulike typar folkemusikkinstrument, til dømes langeleik og seljefløyte eller sjøfløyte, og hardingfele til seljefløyte. Dette fall i god jord. Han nytta også ei eller to hardingfeler, stundom og fløyte, attåt song.

Midt på 30-talet fekk Groven i stand Folkemusikkkvartetten, som nytta "klassiske" instrument (fiolin, cello, klarinett og fløyte), og var eigna til å spela t.d. storgardsmusikk frå austlandsområdet i Grovens arrangement. Og han laga tilskipingar for song og ulike instrument som fiolin, cello og fløyte.

Omtrent på same tid (1935) stemte han eit flygel reint og laga høvelege arrangement til folketonesong og/eller seljefløyte.

I 1936 kom det fyrste reinstemde harmoniet som vart nytta i mange folkemusikksendingar framover mot okkupasjonen.

Det var eit stendig krav frå leiinga i NRK um at folkemusikken måtte arrangerast, av di det kom så mange negative reaksjonar frå dei store byane på den ekte folkemusikken i radio. Sist i 30-åra kunne ein mest tru at hardingfela var ein folkefiende.

I alt gjorde Groven 245 arrangement av folkemusikk i 30-åra. Han oppmoda også andre komponistar til det same, men fekk ikkje så stor respons. Erling Kjellsby laga nokre gode arrangement som vart nytta.

Det hende at Groven skreiv ned materialet til songarane, slik at Petra Hendriksen, radioens faste akkompagnatør og pianist i den tida, kunne improvisere arrangement.

Opptak

Groven var ein pådrivar for at NRK skulle skaffe seg det beste opptaksutstyret som var å få, for å kunne ta vare på musikken til store tradisjonsberarar og kunstnarar, og for å kunne byggje opp program baserte på opptak. Dei fyrste folkemusikkopptaka på grammofon frå 1933 synte seg og vera uvaruge. Dei eldste opptaka som framleis finst, er frå 1934.

I 1936 vart det kjøpt inn eit Philips Müller apparat som tok opp tonefilm, og då blei det mykje lettare å gjera opptak i stor stil. Groven samla systematisk. Han fekk djupe kjelder som Torkjell Haugerud, Aslak Brekke, Gunnulf Borgen, Ola Moe, Ola Brenno, Halldor Meland, Marius Nytrøen o.a. til å spela og syngje inn mest mogeleg av det dei kunne. Det var meininiga å halde fram med dette arbeidet, men det gjekk i stå på grunn av krigen. Samlingane av lydfest folkemusikk voks snøgt fra 1936 av, og grunnlaget blei dermed lagt for NRKs enorme samling av tradisjonsmusikk. Folkemusikkopptaka frå pionertida blei i 1950-åra overførde til magnetofonband og er truleg redda for framtida.

Groven var fast folkemusikkmedarbeidar i NRK fram til 1945-46, med eit avbrot under okkupasjonen. Etter krigen kom han attende, og heldt fram som før ei tid. Men kringkastingsleiinga meinte at sidan han no hadde komponistløn (den fekk han rett før okkupasjonen), burde han bruke all si tid på komposisjonsarbeid. Dei sette då andre til å ta seg av folkemusikken i radio. Men noka full stilling var ikkje på tale. Groven heldt, med litt godtgjerdsle, fram med å vera fast rådgjevar. I 1949 spela han inn kring 30 sjeldhøyrde slåttar for arkivet. Rundt 1960/61 spela han inn ein god slump slåttar att, m.a. dei han tykte best om av sine eigne slåttekomposisjonar.

Andre fører arbeidet vidare

Fyrst i 1952 vart det oppretta ei full stilling for folkemusikkarbeidet. Den fekk Rolf Myklebust frå Nordfjord. Han skulle syne seg å vera ein god mann for folkemusikken, og han visste å gjera bruk av dei kunnskapane Groven sat inne med. Samarbeidet med Groven var i alle år godt, og Groven på si side fylgde trutt med på koss folkemusikken var ivareteken i NRK og melde tilbake når det var noko han sette serleg pris på. Han heldt også fram både med å laga program og spela i radio når det høvde seg slik - til langt uti 1970-åra.


Eivind Grovens Institutt for Renstemming