Oppvekst

Eivind Groven voks opp som den yngste i ein guteflokk på 5. Alle gutane laut hjelpe til heime på garden og på støylen. Innimellom dyrka dei song, og spel på fele og seljefløyte. Om vinteren var det å løype og hoppe på ski.

 

Tidleg foto av Eivind. Han er truleg skral etter sjukdomen. 16 år gamal vart Eivind alvorleg sjuk. Han hadde fått koldbrand i lungene og pleuritt. Legane gav han dødsdom. Han hadde berre ein time att å leve, sa dei. Men så snudde det, heilt mirakuløst. Eivind kom frå sjukdomen med livet, men var ein periode svekt fysisk og friteken frå tungt gardsarbeidet. "Eg var rekonvalesent og kunne gjera kva eg ville."

Neste