Ekteskap

Då Eivind gikk på Notodden lærarskule, trefte han Ragna Hagen (1902 - 1960) frå Tangen på Hedemarken. Dei gifte seg 18. juni 1925 i heimbygda til brura, slik skikken var den tid.

Etter bryllaupet skal fylgjande replikk ha falle frå ein Tangensokning som hadde vore til stades: "Det var silke og taft i annahårt skaft". Det var vel dei forseggjorte Telemarksbunadene og alt sylvet som gjorde inntrykk.

Den førstefødde

I 1926 kom det første barnet, Aslaug Johanne. Ho var oppkalt etter bestemødrene sine, Aslaug Groven i Lårdal og Johanne Hagen på Tangen. Forfattaren Ingeborg Refling Hagen, syster til Ragna, var gudmor.

Førre - Neste