Hus

Øvre Nordjordet I 1927 bygde Eivind og Ragna seg eige hus på Ekeberg i Oslo, på ei tomt som tilhøyrte syster hennar, Ingeborg.

Eigedomen, Nordjordet, var opphaveleg eit småbruk under Ekeberg hovedgård. Eivind og Ragna fekk overta heile Nordjordet i 1947.

'Velkommen til verden'

'Velkommen til denne vanskelige men skjønne verden'

I 1930 fekk Aslaug ei veslesyster, Tone Alis. Biletkunstnaren Henrik Sørensen sto fadder, og familien Sørensen gav dåpsbarnet eit lite kort med følgjande helsing på: "Velkommen til denne vanskelige men skjønne verden - lille frøken Tone Groven".