2. Ekteskap

Etter ei tid tok Eivind kontakt med ei gamal kjenning frå folkehøgskuletida, Signe Taraldlien (1901 - 1997), frå Fyresdal i Telemark. Ho hadde alle år site ugift på heimegarden, sauma stakkar og drive med fint handarbeid.

29. desember 1961 gifte Eivind seg med Signe. Ho flutte inn på Nordjordet, og dei fekk nokre få gode år saman før Eivind vart sjuk midt på 60-talet.