Sjukdomen

Eivind Groven utanfor heimen sin på Ekeberg

Eivind fekk ikkje til fela som før. Han var stadig opp og ned til spelemannen Kjetil Løndal som budde i Casparisgate i Oslo, for å få skikk på fela.

Kona Signe, og andre med henne, meinte han laut kome seg til lege. Dei tykte han bar på sjukdomstrekk.

Våren 1966 vart det konstatert at Eivind hadde Parkinsons sjukdom.
- "Det er nok ikkje fela det er noko gale med. Det er meg." sa han.

Og så var det berre å arbeide, arbeide, arbeide.

Førre |  Neste