AlderdomEivind heldt fram med uoppsliteleg energi. Hovudet fungerte, men kroppen var ikkje heilt med lenger. "Jeg har aldri sett noen skrive noter så sent" sa Arne Nordheim i ein tale til 75-årsdagen. Han hadde sett Eivind arbeide med slåttetranskripsjonar. - Og han som tidlegare arbeidde så lynande fort. I 1969 fekk han dei nyaste medisinane som då var å få mot sjukdomen. Medisinane hjelpte han til å fungere betre, men dei sleit på hjarta. |
|
8. februar 1977 døydde Eivind Groven av hjartesvikt. Etter eige ynskje kviler han attmed den første kona si på Tangen kyrkjegard på Hedemarken. Glasmåleriet som er montert i gravsteinen er utført av glaskunstnaren Inger Kvarving.
18. august 1985 vart det avduka eit monument over kunstnarbrørne Eivind og Olav Groven, ved Eidsborg stavkyrkje på Lårdal bygdemuseum i Telemark.